Ullensvang bibliotek skal innføra nytt biblioteksystem dei komande vekene.
I veke 43, 20.-26. oktober, skal data overførast, og det vert derfor ikkje mogleg å låna bøker på biblioteka i kommunen, eller fjernlåna bøker med bibliotekkortet.
Dette vil også gjelda skulebibliotek på alle skular.
NB! DET VERT IKKJE HØVE FOR Å LÅNA NOKO DENNE VEKA.
Biblioteka er opne for besøk og bøker kan leverast inn, men me oppmodar dykk til å levera mest mogleg før måndag 20.okt. Det er eit særs stort arbeid som gjer at me ikkje kan registrera utlån eller innlevring, og dei tilsette må både delta i arbeidet med overgangen, og få opplæring i det nye systemet. Me ber om forståring for dette, og håpar alle kan sikra seg nok lesestoff i forkant! Når det nye systemet er teke i bruk, vil me kunne gi ei endå betre teneste!
Det nye biblioteksystemet vil me òg ta i bruk på skulebiblioteka.