Kva skjer?
Vi har mange arrangement for alle aldersgrupper, som til dømes forfattarbesøk, kåseri, formingsaktivitetar, språkkafé, Shared Reading/Les i lag, teater, konsert og utstillingar.
Dei aller fleste arrangementa våre er gratis, men dersom det er inngangsbillett, står det skrive i skildringa av arrangementet. Følg med på nettstaden og på Facebook-sidene for oppdatert informasjon om kva som skjer.
På biblioteket kan du lese, lytte, lære, møte menneske og oppleve kunst og kultur.

Dagsturhytter med turbibliotek
I Ullensvang kommune har me tre dagsturhytter – Teglbu i Jondal, Hovdakruno på lofthus og Ragdebu i Odda. I alle hyttene finn du eit utval nynorske barne- og ungdomsbøker, samt nokre lokalt forankra bøker til hygge og nytte. Det er Ullensvang bibliotek som har ansvaret for ettersyn og vedlikehald av boksamlinga. Om nokon skulle få lyst å gje bøker i gåve til hyttene, må de ta kontakt med biblioteket før plassering. På Ullensvang kommune sine nettsider kan du finna meir informasjon om dagsturhyttene. Klikk på det vesle biletet.