Om biblioteka i Ullensvang

Velkomen til biblioteka i Ullensvang!

Her finn du

  • bøker, lydbøker og e-bøker for alle aldrar
  • filmar og musikk
  • lokalhistoriske samlingar
  • aviser, både papirutgåve og i digital fulltekst
  • digitale kvalitetsressursar
  • eit utval av både lokale og nasjonale tidsskrift, både papirutgåve og i digital fulltekst
  • offentleg informasjon – både frå kommunane, fylkeskommunen og staten

Alle biblioteka har datamaskiner du kan bruke. Om du har med deg eigen datamaskin eller mobil eining kan du bruke bibliotekets trådlause nettverk gratis.

Biblioteka har jamnleg ulike typar arrangement – både for born og vaksne, til både glede og diskusjon. Sjå ei oversikt over arrangementa våre.

Odda bibliotek

Odda bibliotek er hovudbiblioteket i Ullensvang kommune, og ligg i sentrum av Odda rådhus. Me har òg ein utlånsstasjon i Skare og ein i Røldal kulturbank.

På biblioteket kan du låne bøker, musikk, filmar, grafikk og dataspel. Du kan òg bruke internett, gjere lekser, lese aviser og tidsskrift, spele Playstation, sjå film, høyre på musikk og mykje meir!

Ver merksam på at det kan vere endringar i opningstidene ved høgtider, og at me stenger kl. 13.00 på laurdagar i juni, juli og august.

På butikken i Skarsmo og i Røldal kulturbank kan du låna og levere bøker frå utlånsstasjonen vår. For å kunne nytta denne tenesta, som er retta både mot fastbuande og hyttefolk, må du ha bibliotekkort. Nasjonalt bibliotekkort kan nyttast, men hugs at det må lastast inn i bibliotekbasen til Odda bibliotek fyrst.

Utlånsstasjonen er open når butikken er open – for info, sjå  Joker, Skarsmo.

Kinsarvik og Utne bibliotek

Kinsarvik bibliotek og Utne bibliotek finn du på kvar si side ytst i Sørfjorden. Kinsarvik bibliotek ligg i kommunehuset i Kinsarvik (gamle heradshuset), Utne bibliotek i det gamle ærverdige bankbygget ved ferjekaia. I tillegg finn du ein sjølvbetjent utlånsstasjon på Bunnpris-butikken på Lofthus. Du må ha nasjonalt lånekort for å nytta den, og det må vera lasta inn i bibliotekbasen til Kinsarvik bibliotek fyrst.

Biblioteket er ein av dei trivelege sosiale og kulturelle møteplassane våre. Her finn du materiell til det meste: informasjon, inspirasjon, studie, draumar, ettertanke og underhaldning – og det er heilt gratis! Folk i alle aldrar kjem for å møta andre, gjera lekser, spela spel, ta ein te-/kaffikopp, sjekka e-post og surfa på internett. I ungdomsrommet har me stor tv-skjerm og PS4 og Nintendo Switch med eit utval spel, som ein kan få nytta i lokalet. Me har òg eit stillerom som mange nyttar til lekser, studie, lesing og avslapping.

Det me ikkje har av bøker, lydbøker, språkkurs og filmar, prøver me å skaffa gjennom fjernlån frå andre bibliotek – utan kostnad for deg. Me har depot av bøker på ulike språk, alt etter kva som er aktuelt, t.d. arabisk, ukrainsk, somali, tigrinja, amharisk og polsk.

Jondal bibliotek

Biblioteket i Jondal ligg i lyse lokale i samband med den nye fleirbrukshallen . Ein nyttar inngangen direkte tilknytta biblioteket.
Biblioteket er ein av dei trivelege sosiale og kulturelle møteplassane våre. Her finn du materiell til det meste: informasjon, inspirasjon, studie, draumar, ettertanke og underhaldning -og det er heilt gratis! Folk i alle aldrar kjem for å lesa aviser og tidsskrift, gjera lekser, spela spel, sjekka e-post og surfa på internett. Me har eige spelerom med m.a. Nintendo Switch.

På biblioteket kan du låna bøker, lydbøker, språkkurs og filmar. Det me ikkje har, prøver me å skaffa gjennom fjernlån frå andre bibliotek – utan kostnad for deg …

Biblioteka har òg tett samarbeid med barnehagen, skulen og flyktningetenesta.