Digitale tenester

PressReader-banner

Aviser og tidsskrift

Les nye aviser og tidsskrift frå heile verda i komplett digital utgåve. Du kan lese på nettbrett, smarttelefon eller datamaskin.

Her får du tilgang til meir enn 7500 aviser/tidsskrift på meir enn 60 språk.

Flipp

Flipp

Flipp er ein teneste biblioteket abonnerer på, og som gir deg fri tilgang til over 90 magasin, vekeblader og teikneseriar frå Noreg, Sverige og Danmark.

Kom innom biblioteket for å få tilgang. Når du har logga på Flipp i biblioteket, har du tilgang i sju dagar.

Skjermdump frå landingssida til Nettbiblioteket, på https://www.nb.no/search.

Nettbiblioteket

I nettbiblioteket finn du materiale Nasjonalbiblioteket har digitalisert og tilgjengeleggjort, m.a. mengder av bøker, tidsskrift, aviser og bilete.

Noko av materialet er berre tilgjengeleg for forsking og dokumentasjon, les meir under «Utvida tilgang».

Ein mobiltelefon med open BookBites-app. Foto.

Lån ei digital bok

BookBites gjer det enkelt å låna e-bøker og lydbøker gratis frå biblioteket.

Alle kan laste ned appen og opprette ein brukar, men for å låne bøker må du ha lånekort på biblioteket.

Stikk innom på biblioteket om du manglar lånekort.

Banner med to barn som ser film på ein skjerm under eit teppe, og teksten: Sjå film på nettet. Den nye måten å låne film frå biblioteket - fritt tilgjengeleg med nasjonalt lånekort.

Filmoteket

Biblioteka i Ullensvang tilbyr strøyming av kvalitetsfilmar gjennom Filmoteket. Filmen kan sjåast på ei rekke einingar og i alle kjente nettlesarar. Du kan og overføre filmen til ein større skjerm via AirPlay og Chromecast.

Stikk innom oss om du manglar lånekort.

Filmbib

Filmbib

Alle med nasjonalt lånekort kan sjå kort- og dokumentarfilm gratis gjennom strøymetenesta Filmbib. Du loggar deg inn med lånenummer og tilhøyrande PIN-kode.

Ta kontakt med biblioteket om du manglar kort eller pinkode.

Ryggane på gamle kyrkjebøker på ei hylle. Foto.

Digitalarkivet

Digitalarkivet gjev tilgang til arkivdokument i digital form. Dette gjeld mellom anna kyrkjebøker, folketeljingar, skifteprotokollar og mykje anna.

Eit ansikt med ein planet og eit par som held rundt kvarandre i bakgrunnen. Illustrasjon

Lesedigg

Lesedigg er ein nettstad for barn. Her kan du sjølv finne bøker som passar deg. Prøv til dømes funksjonen “Finn ei bok for meg”.

Ein vaksen og eit barn som deler ei leseoppleving på ein skjerm. Foto.

Verdensbiblioteket

På Verdensbiblioteket finn du e-bøker og lydbøker på fleire språk. Tenesta er gratis, og du opprettar sjølv ein brukar med e-postadresse og passord.