Endeleg går me mot årets store litterære opplevingar, gjennom Litteratursymposiet i Odda 2.-5. oktober. I år er gjennomgangstemaet «Eksplosjon», og det vil gå gjennom det meste av programmet på ein eller annan måte. Festivalen har gått frå å vera eit lite, lokalt arrangement med einsidig lokalt forankra forfattarar, til å bli ein nasjonal festival som strekker seg over fem dagar. Heimstadsdikting, arbeidarlitteratur og klassereise har alltid vore på agendaen, og i tillegg kjem mykje litteratur gjennom årets tema. Og formidlinga skjer gjennom arrangement for born, unge og vaksne, med alt frå musikk, kåseri, og foredrag, til byvandringar og teater. Lokala spenner frå skular og bibliotek rundt om i kommunen, til Lindehuset, Sentralbadet og kinoen. I tillegg er det arrangement rundt omkring i Odda, sjå programmet. Nytt høvet til å få med deg nokre av dei mange flotte opplevingane!
Her finn du programmet for i år: https://www.litteratursymposiet.no/program