Me får besøk av Askeladden friteater som vil dramatisera Gubben og katten og Hanespetakelet 11.-13. september! Grunna stor rigg, må teaterframsyninga vera i store lokale, og vert difor vist på biblioteka i Odda, Jondal og Kinsarvik.
Møt Gubben Pettersen, Katten Findus og Hanespetaklet i ei morosam dramatisering, levandegjort av dyktige skodespelarar etter ei av Sven Nordqvist sine kjende bøker om Gubben og katten. Her er det mykje latter, spenning og fantasi for store og små!
Gustavsen vil lage gryterett av hanen, men Pettersen tar den med seg heim. Den kan halda styr på hønene hans, tenkjer han.
Katten Findus misliker den nye kjenningen, han er skeptisk, og vert sjalu og irritert på all galingen. Denne hanen er særskilt glad i å gale, høgt og lenge og ofte.
Gubben må prøva å løysa konflikten då han òg kjenner at hanen er i ferd med å bli vel høglytt. Han inngår ein avtale med hanen om når og korleis han kan gale. Findus gjer sjølvsagt sitt ytterste for at hanen ikkje skal trivast, og det ender med at hanen dreg sin veg.
Under Kva skjer https://ullensvangbibliotek.no/kva-skjer/ finn du tid og stad for teaterframsyninga.
Teaterstykket er eigna for alle over 3 år, og varer i 35 min.
