Opprinneleg melding: Grunna feil på biblioteksystemet vårt, Mikromarc 3, kan ikkje biblioteket eller brukarane nytta systemet vårt til å søkja etter noko, forlengja lånetider eller anna på Mine sider. Det gjeld dessverre alle biblioteka i Noreg som nyttar dette systemet, og dei arbeider på spreng sentralt for å fiksa dette så snart som råd. Me er lei for det, men har håp om at det ikkje tek altfor lang tid.
Feilen er no retta, og systemet er oppe og går. Dersom det skulle skje fleire gongar, har me folk sentralt som er på saka.