Foto av Johan Mjønes og siste romanen hans, Spuria

Forfattarbesøk av Johan B. Mjønes med Spuria

Dato

Tid

Stad

Kinsarvik bibliotek

Spuria er ei sterk historie om Kristin, 87 år, og korleis den fine ungdomsforelskinga vert til ei livslang sorg. Ikkje lenge etter at ho vert enke, får ho hjelp av barnebarnet til å få svar på kva som skjedde med barnet ho fødde som 16-åring. Eit lite nurk ho vart tvunge til å gi frå seg. «Spuria» er latin og har tydinga «falsk» eller «uekte», og omgrepet vart nytta i Noreg fram til 1970-talet. Dette, og born fødde utanfor ekteskap, adopsjon, hemmeleghald og familieløyndomar, er tema i boka.

Johan B. Mjønes er ein produktiv forfattar som skriv drivande godt både for born, unge og vaksne.

Velkomen til eit flott foredrag med tid for spørsmål og diskusjon!