
Forfattarbesøk: Johan B. Mjønes og Spuria
Spuria er ei sterk historie om Kristin, 87 år, og korleis den fine ungdomsforelskinga vert til ei livslang sorg. Ikkje lenge etter at ho vert enke, får ho hjelp av barnebarnet til å få svar på kva som skjedde med barnet ho fødde som 16-åring. Eit lite nurk ho vart tvunge til å gi frå seg. «Spuria» kjem frå latin og har tydinga «falsk» eller «uekte», og omgrepet vart nytta i Noreg fram til 1970-talet. Dette, og born fødde utanfor ekteskap, adopsjon, hemmeleghald og familiehemmelegheiter, er tema i boka.
Johan B. Mjønes er ein produktiv forfattar som skriv drivande godt for både born, unge og vaksne.
Velkomen til eit flott foredrag med tid for spørsmål og diskusjon!