Vi er brødrene Eikemo
- Forfattar:
- Marit Eikemo
Når “vår eiga” Marit Eikemo gir ut bok, er me klare. Når ho gir ut ein roman om dei 5 brødrene Eikemo, far og onklar, er me meir enn klare. Korleis fortel ein om familien, personlegheitane, dei mange sprelske påfunna og plassen dei har hatt i lokalmiljøet på ein ærleg og personleg måte utan å utlevera FOR mykje? Etter mi meining har Marit Eikemo balansert elegant og plukka ut hendingar og sider ved brødrene med nennsam hand, kopla dei til den historiske tida og gitt ei godt bilete av både industri og familieliv.
VG: «Vi er brødrene Eikemo» er en liten bok, men et storslått lerret av en fortelling fra et hjørne i Norges industristedshistorie. Eikemo-guts!”
Aftenposten: “Vellykket slektskrønike. Marit Eikemos familiesaga frembringer både latter og tårer.”
Dagens Næringsliv: “Det selvbiografiske familieportrettet «Vi er brødrene Eikemo» balanserer fint mellom det nære og norgeshistoriens kraftlinjer.”
Du finn òg boka som e-bok og lydbok i app’en BookBites.
Omtalen er skriven av Else Marie på Odda bibliotek.
- Kategorier:
- Boktips til vaksne