Bokomslag: Udyr av Ingvild Bjerkeland

Udyr

Udyr har kome til bygda og Abdi (13) og lillesøster er på flukt. Dei har sett hårete udyr med klover på føttene og lange klør på hendene drepe mor, og dei er på flukt. Boka er spennande frå første side og spenninga er der gjennom heile boka. Ei vanskeleg bok å leggja frå seg, for korleis går det eigentleg med dei to ungane på flukt? Kven kan dei stole på undervegs, vil dei finne mat og husly når dei er på flukt, og aller mest, vil dei kome seg til Djupvik og bli redda av ein båt som kan ta dei i sikkerheit?

Du finn òg boka som lydbok og e-bok i app’en BookBites.

Omtalen er skriven av Åslaug på Utne bibliotek

Kategorier: 
Boktips