Snart sover du – et års god natt
- Forfattar:
- Haddy N'jie
- Illustratør:
- Lisa Aisato
Biletboka Snart sover du – et års god natt er både intressant og søvndyssande på same tid. Systrene Haddy N’jie og Lisa Aisato har begge gjort skapa seg eit namn på kvar sine felt. Haddy som programleiar, Lisa først og fremst som illustratør, men òg som forfattar.
Boka følgjer året sine syklus, med vår, sommar, haust og vinter. Under kvar årstid søv ein ny, den ligg klar i spent forventning. Kvar årstid får sine vers, så kjem eit gjenkjenneleg refreng – med bodskapen til den vesle som skal sove.
Rima gjer at det blir rytme og flyt i boka. I tillegg er det notar bakerst i boka dersom ein vil syngje teksten som god natt-song. Men det som verkeleg løftar denne boka til ei usedvanleg fin oppleving både for barn og vaksne, er Lisa Aisato sine utruleg vakre og fargerike illustrasjonar.
Dette er ei bruksbok i ordet sin beste forstand, ei bok som sikkert kan bli ein klassikar ved mange sengekantar.
Boktipset er skrive av Karina på Odda bibliotek
- Kategorier:
- Boktips til barn