Bokomslag: Ro

Ro. Om Sognefjorden og ein lang rotur heim

Sigri Sandberg er ein dyktig journalist, eventyrar, friluftsentusiast og ei skikkelig grepa dama. Ho har skrive mange gode og fascinerande bøker, og blant dei er boka Ro, om Sognefjorden og ein lang rotur heim.

Boka Ro handlar om Sigri som drar attende til bygda ytterst i Sognefjorden der ho budde nokre år i barndomen, og ror heile Sognefjorden til endes i fleire etappar saman med ulike venner og familie. Roturen blir både ei ytre og ei indre reise, ei reise i geografi og kulturhistorie, men boka gir ikkje minst plass til ulike menneskemøte og refleksjonar rundt kor me høyrer til i verda.

Eg syns at Sigri Sandberg skriv interessant og reflektert og eg vil gjerne lesa meir av ho. Ho har mellom anna skrive om polarheltinner og kvinnelige tindepionerar. Vil du sjå meir om ho, kan du møta ho og kjærasten Steinar i NRK serien Der ingen sku tru at nokon ville bu, på NRK tv.

Omtalen er skriven av Else Marie på Odda bibliotek

Kategorier: 
Boktips