Bokomslag: Noe i vannet av Catherine Steadman

Noe i vannet av Catherine Steadman

Forfattar:
Steadman, Catherine
Omsetjar:
Lene Stokseth
Lån boka

Me jaktar alltid på gode krimbøker. Fascinasjonen for spennande krimgåter er umetteleg. Slik også for meg, men det går ofte lang tid mellom kvar gong eg kjem over skikkeleg gode krimbøker, men det skjer.

Noe i vannet av Catherine Steadman er ein psykologisk thriller som eg las i ein smell. Boka handlar om det “perfekte” paret Erin og Mark som skal gifta seg og dra på drømmebryllaupsreise. Så mistar Mark jobben sin i City, men dei trur likevel alt vil ordna seg, og vil gjennomføra både bryllaup og reisa til Bor Bora. Der drar dei ut for å dykka og dei finn noko i vatnet som får store konsekvenser for dei.

Du finn òg boka i app’en BookBites.

Omtalen er skriven av Else Marie på Odda bibliotek

Kategorier: 
Boktips til vaksne