Bokomslag til Når vi synger av Merethe Lindstrøm

Når vi synger

“Mens spedbarnet dør, løper vi ut for å se de nye istappene og all snøen som har kommet over natta, hele tunet er is, og over oss skinner himmelen lyseblå.”

Slik byrjar Merethe Lindstrøm sin siste roman Når vi synger
Merethe Lindstrøm frir ikkje til sitt publikum, men lesaren vert likevel dratt inn i bøkene hennar sjølv om forteljingane er ubehagelege og provoserande, såre og nakne.

Forteljaren, som kallar seg «vi», er Agnes. Ho er elleve-tolv år, heilt i slutten av barn­dommen.
Tvillingane bur saman med mor og far i eit kaldt og trekkfullt sommar­hus som dei brukar som heilårs­bustad. Det er lite pengar i omløp. Lite omsorg også.
Innimellom vender Agnes seg til eit «du». Til søskenet som forsvann, mest sannsynleg i krybbedød. Ho saknar det.
Ho sørger. Foreldra også. Men ingen snakkar skikkeleg om sorga.
Kort tid etter det sjokkerande dødsfallet, bestemmer foreldra seg for å ta inn eit foster­barn, som ei slags erstatning for babyen som døydde. Det hjelper sjølvsagt ikkje.
Handlinga i «Når vi synger» er lagt til 1970-talet. Folk snakkar ikkje om problem. Om traume. Ikkje med ungane. I alle fall ikkje i Agnes sin familie.

Du finn òg boka i app’en BookBites, som e-bok og lydbok.

Omtalen er skriven av Else Marie på Odda bibliotek

Kategorier: 
Boktips til vaksne