Mørke – stjerner, redsel og fem netter på Finse
- Forfattar:
- Sigri Sandberg
Sigri Sandberg er dyktig journalist, eventyrar, friluftsentusiast og ei skikkeleg grepa dama.
Ho har skrive mange gode og fascinerande bøker, og blant dei er boka Mørke. Stjerner, redsel og fem netter på Finse. Det er ei bok med interessante refleksjonar rundt lys og mørke og det faktum at me omgir oss med så mykje lys at me ikkje lenger ser stjernehimmelen over oss. Forfattaren drar åleine til familien si hytte på Finse i den mørkaste førjulstida for å utfordra mørkeredselen og koma nærare stjernehimmelen og det naturlege mørke.
Eg syns at Sigri Sandberg skriv interessant og reflektert og eg vil gjerne lesa meir av henne.
Ho har mellom anna skrive om polarheltinner og kvinnelige tindepionerer.
Omtalen er skriven av Else Marie på Odda bibliotek
- Kategorier:
- Boktips til vaksne