Bokomslag Kvit, norsk mann

Kvit, norsk mann

kva vil du bli

når du blir stor?

eg vil bli

ein kvit, norsk mann

Dette er essensen i den siste boka til Bynjulf Jung Tjønn. Ei lyrikkbok med dikt som utgjer ei livsforteljing.

Kva gjer du når du har vakse opp på ein gard på Nordvestlandet, har norske foreldre, er odelsgut, har stor karriere som forfattar og forlagsredaktør, -og vert spurt om du er avisbod eller om kjærasten din er som deg “eller norsk”. Her er så mange døme på forutinntatte og tankelause haldningar hjå oss kvite, norske menn og kvinner. Jung Tjønn formidlar møte med folk og rare haldningar i humoristiske, bitande, vemodige, grusomme og overraskande små tekstar som til saman vert denne sterke lyrikkboka. Det er ei forteljing om jakta etter røter, identitet og anerkjenning som nordmann, fortalt av ein som vart adoptert frå Sør-Korea som 2-åring. Som med dei andre bøkene sine, er han ein meister med pennen. Både det vakre språket og den sterke formidlinga gjer at boka sit lenge i deg etter siste side.

Brynjulf Jung Tjønn fekk Nynorsk litteraturpris 2022 for denne boka!

Du finn òg boka i app’en BookBites.

Omtalen er skriven av Erika på Kinsarvik bibliotek

Kategorier: 
Boktips til vaksne,
E-bok