Kvar dag skal vi vera så modige
- Forfattar:
- Brynjulf Jung Tjønn
Nok ei god bok av Brynjulv Jung Tjønn, er Kvar dag skal vi vera så modige. I denne boka møter me guten Isak som bur saman med mor si i ei norsk bygd. Mora har store utfordringar, ho stå ikkje opp, ho handlar ikkje mat og ho tek seg ikkje av Isak. Isak må greia seg sjølv, laga mat og ta vare på mor si. På nabogarden er det flytta inn ein mann som ser Isak, men som også har eigen bagasje. Det er ei heller traurig tilvære me møter i denne boka, og det kan nesten bli for mykje. Det som likevel gjer boka god, er det knappe og lyriske språket og forteljinga som opnar seg litt etter litt.
Omtalen er skrive av Else Marie på Odda bibliotek
- Kategorier:
- Boktips til vaksne