Hex
- Forfattar:
- Sigbjørn Mostue
Diana går siste året på videregåande og har alltid vore anonym og i bakgrunnen. Ein dag byrjar Simon på skulen og ho får uventa merksemd frå han. Diana blir sjarmert av Simon, men alt endrar seg etter ein fest der han lurer noko i drinken til Diana og utnyttar ho.
Etter det blir ikkje Diana seg sjølv og ho må jobbe med sine indre demonar og mot ei heks ho meiner sjå når ho ser seg sjølv i spegelen. Verkelegheita blir utviska for Diana, kva er eigentleg verkeleg og kva er det ikkje? Det er nesten så ein som lesar og blir i stuss på kva som er verkeleg og kva som er fantasi. Kan det vere noko sanning i alt det Diana les på nettet om hekser? Når vil foreldra hennar forstå at noko ikkje er som det skal?
Diana får ein lang og vanskeleg kamp for å finne seg sjølv igjen.
Hex er ein dyster ungdomsroman som og passar godt for vaksne. Tema som overgrep, dop og psykisk helse er absolutt aktuelle tema for vaksne så vel som for ungdom i målgruppa 12-16år.
Du finn òg boka som e-bok og lydbok i app’en BookBites.
Omtalen er skriven av Åslaug på Utne bibliotek.
- Kategorier:
- Boktips til ungdom,
- Boktips til vaksne