Glassmannen
- Forfattar:
- Anders De la Motte
- Omsetjar:
- Bodil Engen
Glassmannen er bok nr 2 og oppfølgar til boka De bergtatte. Igjen møter vi etterforskar Leo Asker som er leiar for “Avdelingen for fortapte sjeler”. Ho blir kontakta av faren som ho ikkje har hatt kontakt med på mange år. Han er mistenkt for drap, men er han skuldig?
Barndomsveven til Leo, Martin Hill, som er lidenskapleg opptatt av urban exploration, blir engasjert til å skulle skrive biografien til ein mektig forretningsmann. Han flyttar inn på eit gamalt gods for å skrive og der er det mykje under overflata han ynskjer finne ut av. Det viser seg å bli farleg når han byrjar stille for mange spørsmål og ta seg fram på eiga hand rundt i gamle hus og kjellarar.
Mystiske lysskjær og lik utan auge skapar spenning frå første side. Det er mange trådar som må nøstast opp før vi får vite korleis alt heng saman og det gjer det vanskeleg å legge frå seg boka når ein først er igang,
Les gjerne De bergtatte først, så er det lettare å forstå forholdet mellom Leo, faren og Martin.
Du finn òg boka i app’en BookBites, som e-bok og lydbok.
Omtalen er skriven av Åslaug på Utne og Kinsarvik bibliotek
- Kategorier:
- Boktips til vaksne