Feliz Navidad
- Forfattar:
- Selma Lønning Aarø
Saga skal realisere draumen om jul i Spania med storfamilien. Ho vil at mora, som er dement, skal få oppleva huset dei har kjøpt før ho gløymer alt. Med på turen er òg den vaksne sonen hennar, dei to felles tenåringsborna, far hennar og mannen. Midt oppi alle problema som etter kvart viser seg med sonen som er rusbrukar og den demente mora, trøystar ho seg med at ho har den trygge, gode mannen Knut.
Førebuingane blir ikkje dei beste. Tenåringane drikk seg fulle, mora og seinare Saga, stel Jesusbarnet frå ei julekrybbe, kålrabi er ikkje å få tak i, heller ikkje juletre. Alt raknar for Saga då ho finn ut at Knut i lengre tid har hatt eit forhold til ei felles venninne. Ho er i oppløysing, men må halda fasaden for å ikkje øydeleggja jula for familien. Me kan vel seia at draumen om ei koseleg familiejul ikkje blir oppfylt.
Denne boka går føre seg i jula, men er aktuell heile året. Ho handlar om familierelasjonar, demens, svik og ikkje minst om forholdet mellom mor og dotter. Boka er vemodig, opprørande og har mykje humor. Ho er lettlesen og har godt driv.
Du finn òg boka som e-bok og lydbok i app’en BookBites.
Omtalen er skriven av Inger vikar på Kinsarvik bibliotek.
- Kategorier:
- Boktips til vaksne