Farvel, Farah Diba
- Forfattar:
- Karin Fossum
Karin Fossum er for mange symbolet på ein krimdronning. Ho har mange kriminalrimanar bak seg, og her kjem ho med ein roman som kanskje meir er som ein thriller å rekna. Ho skriv om noko ubehagelege, om fordommar, forutinntattheit, utanforskap, desperasjon og redsle. Ein far kjem springande inn til politiet og meldar at dottera på snart 6 år er forsvunne. Saka vert etterforska, og ein potensiell overgripar vert etterlyst. Men er saka så enkel? Me som les boka, får nemleg følgja kidnapparen og jenta og samspelet og samtalane dei imellom. Og her kjem dei gode stundene med livsvisdom frå den gamle og barnet, samtidig som me følgjer etterforskarane og vegen mot ei løysing.
Sjølv om det var mykje ubehag å lesa, var det òg mange kloke ord og refleksjonar. Fossum er etter mi meining så god på karakterane ho skriv om. Ho viser dei mange fasettane eit menneske har uansett om ein er stempla som godt eller dårleg menneske. Dette vart eit god leseoppleving!
Du finn òg boka i app’en BookBites, som e-bok og lydbok.
Omtalen er skriven av Erika på Kinsarvik bibliotek
- Kategorier:
- Boktips til vaksne