Bokomslag En julefortelling

En julefortelling

Forfattar:
Charles Dickens
Omsetjar:
Erlend Loe
Illustratør:
Lisa Aisato
Lån boka

Jula er tida for tradisjonar, og klassikaren “En julefortelling” av Charles Dickens er ein av dei – filmatisert, sett opp på teater, oversatt og gitt ut i ulike versjonar utallige gonger. Denne utgåva er oversatt av Erlend Loe og illustrert av Lisa Aisato.

Historia om einsame og gjerrige Ebenezer Scrooge som i løpet av natta vert konfrontert med fortida, notida og framtida gjennom tre ånder er ei universell historie til ettertanke. Kan Scrooge, som hatar jula og all gavmildhet endra sitt syn? Forteljinga er underhaldande, rikt skildra og til dels skummel. Ei bok som ikkje er for dei aller miste barna, men som stadig utfordrar både litt eldre barn og vaksne. Flott høgtlesingsbok til dei eldre ungane!

Omtalen er skriven av Ingeborg, Etne bibliotek.

Kategorier: 
Boktips til barn,
Boktips til ungdom,
Boktips til vaksne