Forsidebilde på krimromanen "Det beksorte hjertet" av Robert Galbraight

Det beksvarte hjertet

Forfattar:
Robert Galbraight
Omsetjar:
Heidi Grinde
Lån boka

Serien om privatdetektiven Cormoran Strike og assisstenten hans, Robin Ellacott, har blitt ein stor suksess blant krimelskarar over heile verda. No er roman nr. 6 klar for norske lesarar!

Denne gongen må Strike og Robin ta steget inn i den digitale verda for å løyse mysteriet. Ein ung teikneserie-skapar møter opp på kontoret til Strike og seier ho kjenner seg truga på livet av ein person på internett. Nokre få dagar etter blir ho funnen drepen i ein park, og Strike og Robin tek saka på vegne av familien. Dei må navigere i eit intrikat nettverk av digitale personlegheiter og lukka nettforum, før dei trugande kreftene plutseleg tek steget ut i den verkelege verda.

Og på sedvanleg Galbraight-vis blir alle trådane perfekt samla på slutten i eit overraskande og plutseleg klimaks! Ei perfekt bok for alle Strike&Robin-fans!

PS: Visste du at Robert Galbraight er eit pseudonym for J.K.Rowling, som har skrive Harry Potter-bøkene?

Boka er anbefalt av Janne Mari frå Stad bibliotek.

Kategorier: 
Boktips til vaksne,
E-bok