Arkitektens læregutt
- Forfattar:
- Elif Shafak
- Omsetjar:
- Marius Middelthon
Arkitektens læregutt er ei storslagen historisk roman frå 1500- og 1600-talet i Istanbul, hjartet i det osmanske riket. Me følgjer Jahan, ein ung elefanttemmar, som vert læreguten til den ansette arkitekten Sinan. Gjennom auga til Jahan får me ein annleis og original inngang til historiske hendingar, og kunsten og arkitekturen si rolle i maktsentrumet.
Eg vart sugd inn i forteljinga med historiske intrigar, maktkamp og arkitektoniske meisterverk, vevd saman med kjærleik, vennskap og lengt. Og kontrastane mellom sultankulturen og fattigfolket vert skildra godt.
Denne boka kan kanskje falla i smak hjå dei som har likt Det er elver på himmelen av same forfattaren, En bønn for Venezia av Marina Fiorato, Vindens skygge av Carlos Ruiz Zafon, eller Brorskapet av Robyn Young.
Du finn Arkitektens læregutt som e-bok og e-lydbok på BookBites.
Boktipset er skrive av Erika på Kinsarvik bibliotek
- Kategorier:
- Boktips til ungdom,
- Boktips til vaksne,
- E-bok