Alt som er ødelagt
- Forfattar:
- John Boyne
- Omsetjar:
- Tore Aurstad
Boka Alt som er ødelagt er ein frittståande oppfølgar til boka Gutten i den stripete pyjamasen. Her får me møta storesøster til gutten. Ho er no 91 år og me får innblikk i korleis livet hennar og til familien har vore etter at andre verdskrig tok slutt. Me får innblikk i ulike epokar av livet hennar og korleis fortida har prega ho. Korleis kan ein leva vidare med det familien sto for og opplevde under krigen?
Har du lese boka gutten i den stripete pyjamasen og lurar på korleis det gjekk med familien vidare etter krigen, så les denne og!
Du finn òg boka som lydbok i app’en BookBites.
Omtalen er skriven av Åslaug på Utne bibliotek
- Kategorier:
- Boktips til vaksne