Lokalhistorie
På denne sida har vi samla nokre kjelder for deg som er interessert i lokalhistorie og ynskjer å finne meir ut om slekta eller kommunen din.
Nyttige ressursar
- Digitalarkivet.no gjev tilgang til arkivdokument i digital form. Dette gjeld mellom anna kyrkjebøker, folketeljingar, skifteprotokollar og mykje anna.
- Digitalt museum – søk i fotosamlingar
- DIS Norge – inneheld mykje nyttig informasjon for dei som driv med slektsgransking.
- Gardsregister for Hordaland og Sogn og Fjordane
- Gravminner i Norge
- Grind.no – kunnskap om landskap og livsmiljø i Hordaland
- Gotisk handskrift – gratis onlinekurs
- Nasjonalbiblioteket – digitale medium, mellom anna bygdebøker og historiske aviser.
Biblioteka sine fysiske samlingar
Biblioteka har også lokalhistorisk materiale i samlingane sine til bruk i biblioteket. Snakk med bibliotekaren om du vil sjå nærare på dette.
Odda bibliotek har ein omfattande lokalhistorisk samling med litteratur om og av hardingar. Du finn og mindre samlingar med lokalhistorie i Jondal, Kinsarvik og på Utne.
SØK ETTER BILETE OG LOKALHISTORISK MATERIALE I BIBLIOTEK OG MUSEUM:
Søket gjev i hovudsak treff frå Nasjonalbiblioteket og Universitetsmusea sine samlingar, kulturminnebilete frå Riksantikvaren og lokale biletsamlingar frå bibliotek i Hordaland.
[wl-kultursok baser=»fusabilder» visning=»utvidet» makstreff=»20″ sortering=»base» wlgjemverktoyover=»0″ wlgjemverktoyunder=»0″ wltreffperside=»25″]