Lån ei digital bok

Om du har lånekort hjå eit bibliotek i Vestland, kan du låne ebøker og digitale lydbøker til smarttelefonen eller nettbrettet ditt.

BookBites

Du må nytte appen BookBites for å låne digitale bøker av oss. Tenesta krev at du har lånekort ved eit folkebibliotek eller eit bibliotek ved ein vidaregåande skule i Vestland.

I Bookbites finn du flest e-bøker, men også nokre lydbøker. Last ned ebok-appen i Google Play eller i App store.

Korleis tar eg i bruk BookBites?

  • Last ned appen BookBites på mobilen eller nettbrettet ditt. Appen finst både på iOS og for Android
  • Du må ha ein brukar for å logge inn. Det er to alternativ:
    • Du har ein Feide-brukar frå ein skule i fylket: Logg inn med denne brukaren.
    • Du opprettar ein ny brukar:
      Lag ein brukar med e-postadresse og passord, eller via Google- eller Facebook-kontoen din. Registrer så lånenummer og pinkode frå biblioteket. Kontakt ditt lokale bibliotek om du ikkje har lånekort/pinkode.
  • Finn e-bøker eller digitale lydbøker, last ned og les eller høyr.

Treng du hjelp?

Gå til leverandørens support-sider, eller bruk hjelpesidene bak spørjeteiknet i appen. Du kan også spørje om hjelp på biblioteket ditt.