Aviser og tidsskrift
Digitalisert materiale frå Nasjonalbiblioteket
På Nasjonalbiblioteket sine nettsider, finn du aviser, tidsskrift, fotografi og radioopptak, m.m. som du kan søkje etter i nettbiblioteket deira (nb.no). Noko kan du lasta ned fritt, noko må du vera i lokala til biblioteket for å lasta ned. Treng du noko til forskning/dokumentasjon, kan du få brukarnamn og passord frå biblioteket. Du kan nytta eigen pc, nettbrett eller mobil i biblioteket.
Dersom biblioteket er stengt, kan du få tilgang til Nasjonalbiblioteket sine tenester her: https://www.nb.no/utvidet-tilgang/
Du kan lesa meir om Nasjonalbiblioteket sine digitale tenester på nb.no.
PressReader
Eit anna høve til å lesa aviser og tidsskrift, m.a. frå i dag, er gjennom PressReader. PressReader gjev tilgang til over 7000 aviser og magasin frå meir enn 125 land på 60 ulike språk.
Her finn du gode nyhendekjelder på mange språk, og magasin om foto, hage, helse, historie, mat, teknologi, vitskap og mykje, mykje meir. Om du vil lære deg eit nytt språk eller saknar lesestoff på morsmålet ditt, vil du finne mykje aktuelt stoff i denne tenesta.
På biblioteket
Bruker du ei av biblioteket sine datamaskinar, eller eigen maskin på biblioteket sitt nett, vil du finne tenesta på https://www.pressreader.com/. For mobile einingar finst det ein app du kan laste ned gratis frå App Store eller Google Play.
Du må vere pålogga i biblioteket for å få tilgang til PressReader, men etterpå kan du laste ned og lese aviser og tidsskrift heimefrå i inntil 72 timar.