Ullensvang Bibliotek
Bruk biblioteket – me er der for deg!
KINSARVIK BIBLIOTEK
Adresse
Sandvikevegen 11, 5780 Kinsarvik
Telefon
E-post
kinsarvik.bibliotek@ullensvang.kommune.no
Opningstider
Måndag: 12:00 – 16:00
Tysdag: 12:00 – 16:00
Onsdag: 12:00 – 19:00
Fredag: 12:00 – 16:00
Torsdag stengt
UTNE BIBLOTEK
Adresse
Museumsvegen 14, 5778 Utne
Telefon
904 09 736
E-post
utne.bibliotek@ullensvang.kommune.no
Opningstider
Måndag: 10:00 – 17:00
Torsdag: 12:00 – 18:30
Ullensvang bibliotek består av biblioteka i Jondal, Odda og gamle Ullensvang herad. Kinsarvik bibliotek og Utne bibliotek finn du på kvar si side ytst i Sørfjorden.
Kinsarvik bibliotek finn du i kommunehuset i Kinsarvik (gamle heradshuset), Utne bibliotek i det gamle ærverdige bankbygget. I tillegg finn du ein sjølvbetjent utlånsstasjon på Bunnpris-butikken på Lofthus.
Biblioteket er ein av dei trivelege sosiale og kulturelle møteplassane våre. Her finn du materiell til det meste: informasjon, inspirasjon, studie, draumar, ettertanke og underhaldning – og det er heilt gratis! Folk i alle aldrar kjem for å lesa aviser og tidsskrift, ta ein kaffikopp, møta andre, gjera lekser, spela spel, sjekka e-post og surfa på internett.
På biblioteket kan du låna bøker, lydbøker, språkkurs, filmar og pc-spel. Det me ikkje har, prøver me å skaffa gjennom fjernlån frå andre bibliotek – utan kostnad for deg. Me har depot av bøker på ulike språk, alt etter kva som er aktuelt, t.d. arabisk, somali, tigrinja, amharisk og polsk.
Heile samlinga til Ullensvang bibliotek ligg i websøket vårt, så du kan søkja blant det me har i bokbasen. Du kan òg gå til Mine sider, der du kan tinga eller forlengja låna dine. Treng du hjelp til å nytta Mine sider, hjelper me deg gjerne!
I Kinsarvik og på Utne har me samlingar med lokalhistorisk litteratur. Dei ligg òg i websøket.
Me har trådlaust nett på alle biblioteka. I tillegg har du høve til å setja deg ned og nytta ein av publikums-pc’ane, eller spela PS4 eller Nintendo Switch.
Med jamne mellomrom skipar me til arrangement av ulike slag for born, unge, vaksne og eldre. Det kan vera teaterframsyning, eventyrstund, bokprat, forfattarbesøk, kåseri om aktuelle tema, m.m. Følg med på komande arrangement under “Kva skjer” på hovudsida.