
Litterært pusterom/delt leseglede
Unn deg ei stund med senka skuldre og litterært påfyll! Etter Shared Reading-metoden les me høgt og snakkar om ei novelle og eit dikt. Du treng ikkje ha kunnskap om litteratur eller å ha lese mykje frå før. Du treng faktisk ikkje å kunne lesa i det heile. Leseleiar er Erika Alnæs, godkjend Shared reading-leiar.
Deltakarar har uttalt at dette er spa for hjernen og gir påfyll personleg, sosialt og litterært!