
Holocaustdagen
Måndag 27. januar vert Holocaustdagen markert ved det jødiske minnesmerket på Eiganes gravlund i Oslo. På Kinsarvik bibliotek vert dagen markert med eit foredrag med Trond Steinsland. 10. klasse ved Kinsarvik skule er spesielt invitert, men arr. er ope for alle interesserte. Trond vil guida oss gjennom historia frå kva som var opptakten til utryddinga av jødane under andre verdskrig, kva som skjedde, kvifor, og kva me kan læra for framtida. Uansett kva ein meiner om krigen i Gaza, er dette eit nøytralt foredrag som viser historia.