
Halvor Folgerø i ord og tonar
Halvor Folgerø kjem til biblioteket og byr på både musikk og foredrag om Vestlandsvegar.
Halvor Folgerø (f 1967) er forfattar, musikar og journalist. Han er oppvaksen på Stord, og har jobba i NRK i ei årrekkje. Der har han arbeidd i både radio og TV, og gjort alt frå å vere nyhendeopplesar og programleiar til å lage humorprogram. I seinare tid har han jobba med Eides språksjov, saman med Linda Eide. Han har tidlegare skrive to bøker saman med Finn Tokvam, romanen Tyl og samtaleboka Ler dei no så har eg vunne. Eit portrett av Ragnar Hovland. I 2021 og 2022 gav han ut to bøker om livet langs dei ville og spektakulære vestlandsvegane, til svært god mottaking. (frå Samlaget.no)
Folgerø vil presentera litt frå Vestlandsvegar; Historiar om farlege og spektakulære vegstrekk og Fleire vestlandsvegar; frå Trollstigen til Djevelens veranda, og by på seg sjølv gjennom musikalske innslag.
Arr. er i samarbeid med Jondal mållag, og alle er velkomne!
GRATIS
Velkommen til ein interessant og koseleg kveld på biblioteket