
«En reise blant rosemalere i Hardanger”
Sverre Strandenes, mannen bak boka En reise blant rosemalere i Hardanger, kjem til Odda bibliotek og snakkar om boka og arbeidet som ligg bak.
Boka kom ut før jol, og er eit prosjekt han har arbeidd med i perioden 2017-2024. Boka viser ei rekkje rosemåla gjenstandar i og frå Hardanger, måla av bygdekunstnarar som var aktive i tida rundt 1780-1880. Både gjenstandane og dei om lag 30 lokale og tilreisande kunstnarane vert skildra. Boka inneheld over 400 flotte bilete.