
Den store klesbytedagen
Me slår til med ein ny klesbytedag! Bruk og kast-mentaliteten vil me vera med på å redusera. Ombruk er omtanke! Den nasjonale klesbytedagen i regi av Naturvernforbundet krasjar dessverre med anna arrangement og bruk av lokala våre, så me framskundar dagen til 5. april.
Av praktiske årsaker vil me snevra inn tilbodet på å byta klede. Den store klesbytedagen april 2025 i Ullensvang vert med klede for barn/unge 0-15 år, og sommarkjoler for vaksne. Det er ikkje høve til å levera inn undertøy, sokkar eller skotøy. Du kan levera inn plagg til Odda bibliotek torsdag kl 13-15 og fredag kl 13-15, og vil få ein bytelapp pr. plagg.
Bytereglar:
Finn fram klede
1 Du finn fram maks 5 reine og pene klesplagg, og leverer dei til biblioteket torsdag kl 14-15 eller fredag 12-16. Me tek ikkje imot undertøy, sokkar eller sko
Byt klede i lappar
2 For kvart plagg du leverer inn, får du utdelt ein bytelapp og kan plukka deg ut eit anna plagg
Lapp gir nye klede
3 På veg ut, bytar du inn bytelappane mot plagga du har valt deg ut, og kan gå nøgd heim med eit nytt tilskot til garderoben, utan å fylla den opp med noko ekstra
Klede til overs gir me bort
4 Du får ikkje att kleda du leverte inn. Vert dei til overs, går dei til Fretex eller liknande
Velkomen til ei fin bytestund!