Austanfor sol og vestanfor måne
Likar du eventyr? Kanskje du likar å dikta dine eigne?
Bli med på ei eventyrleg reise kor me får møta mellom anna prinsesser, bjørnar, trollkjerringar og nordavinden. Klarer me å redda prinsen frå forheksinga?
Eventyrframsyninga er ei fellesoppleving på tvers av generasjonar. Me vil spesielt oppfordra besteforeldre/oldeforeldre til å invitera med barnebarn på framsyninga, slik at ein kan dela opplevingar og kompetanse. Eit møte mellom det gamle (eventyr/dei eldre) og det nye (fantasi og dikting/barn og unge).
Skodespelarar: Veronika F. Røssland og Frøydis Flotve
Frå 4-100 år
Lengd: ca. 35 minutt
Me gler oss ekstra, sidan Frøydis Flotve kjem frå fjorden!