Når:
10. mars 2020@19:00-20:30
2020-03-10T19:00:00+01:00
2020-03-10T20:30:00+01:00
Hvor:
Kinsarvik bibliotek
Kinsarvikvegen 27
5780 Kinsarvik
Pris:
Gratis

Har du lyst til å kopla ut stress og mas og gå inn i den litterære verda? No kan du vera med på Litterært pusterom! Opplegget byggjer på Shared Reading, dvs delt leseglede gjennom å lesa ein litterær tekst i fellesskap. Dette er særs populært i England.

Me les høgt ei på førehand valt novelle og eit dikt, og samtaler om opplevinga av det me les: får assosiasjonar, tankar, minne, og me reflekterer. Ingen kunnskap om forfattar eller skrivetekniske sider, her er det berre opplevinga av teksten som gjeld. Passar for alle som kan tenkja seg høgtlesing og prat. Tekstane vert delt ut ved oppstart, og leseleiaren les høgt. Leseopplevinga vert ofte betre når ein snakkar høgt om teksten. Kom som du er, prat om du vil, og ha ei fin stund! Med på kjøpet får du truleg meir medkjensle med deg sjølv og andre!

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvern

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close