Bak initiativet #tidtilti står Den norske Forfatterforening, saman med Leser søker bok, Foreningen !les, Bokhandlerforeningen, Norske Barne- og ungdomsbokforfattere, Forfattersentrum, Oversetterforeningen, Dramatikerforbundet, Forleggerforeningen og Litteraturhuset.
Og slik presenterer dei sjølv kampanjen (med omsetting til nynorsk):
«Nyttårsforsett! Slit du med å kome i gang med lesinga? Bli med på årets kjekkaste utfordring, Tid til ti.
Høyrest det lite ut, synest du? Neida! Akkurat som med all anna trening, er staheit og repetisjon den viktigaste nøkkelen til endring. Ti minutt samanhengande lesing om dagen gir hjernen eit rom for avkopling, konsentrasjon, læring og kreativitet som set spor. I tillegg vil du innarbeide lesinga som ein vane.
Ei mikrovane er ein enkel, men effektiv måte å leggje til rette for meir varige endringar, så neste gong du strekk deg etter mobilen for å slå i hel tid, gå heller for boka du har i lomma eller på nattbordet, og sei til deg sjølv: Nei, takk. No har eg jo tid til ti!
I løpet av året vil organisasjonar, forfattarar og andre litteraturfolk sørgje for å minne deg på dei gode forsetta, men vi treng òg di hjelp: Del utfordringa t.d. på Instagram, og merk dine beste lesebilete med #tidtilti. Få med deg arbeidsplassen, ein ven eller framand på utfordringa, og heng på.
Saman tek vi tida tilbake!»
Dersom du er på Instagram, kan du gjerne bruke både hashtag #tidtilti og #tidtiltivestland
Og du… det er lov å lese meir enn ti minutt også!
På biblioteka kan vi tipse deg om interessante bøker som gjer det lett å ville lese ti minutt kvar dag, og andre som du aldri vil legge frå deg. Spør bibliotekaren din!