Storskriftserie

Slit du med at bokstavane i bøkene vert mindre og mindre? No har me kjøpt inn ein nyprodusert Storskrift-serie som kanskje kan vera noko for deg. Her finn du klassikarar og nyare litteratur i fleire sjangrar! Det er fargekoding som viser ulike sjangrar. Bøker med livsvisdom er lilla, romanar er blå, krim er oransj, etc.

Det er ei tid sidan det vart utgitt bøker med stor skrift. I fleire år har me hatt lesebrett på marknaden, som gir høve til å forstørra storleiken på skrifta. Men med den eldre garde som målgruppe, er det ein del som ikkje er digitale, har eller vil skaffa seg lesebrett, eller er komfortable med å lesa på skjerm. Storskriftbøker kan òg høve for dei som slit med konsentrasjonen, har kognitiv svikt, eller for dei som er i ferd med å læra seg norsk.

Ullensvang bibliotek har kjøpt inn første del av serien (fleire bøker kjem etter kvart i puljer), og dei står i Odda. Lånarar på dei andre biblioteka i kommunen kan sjølvsagt tinga bøkene og få henta dei på sitt nærmaste bibliotek.

«Veldig glad for å være med i den nye storskriftserien. Det skulle bare mangle at vi ikke har et slik tilbud i Norge. Lån, les, slit dem i filler, lån flere – sjekk utvalget på ditt bibliotek!»  LARS MYTTING