Det er tid for jul!

Me går inn i desember, juletida for mange. Det er julegateopningar, tenning av juletre, butikkane lokkar med gode julekjøp og alt som kan gi julestemning. Er du av dei som treng ei roleg stund eller kanskje litt inspirasjon? Kom til biblioteket! Me kan tilby utstillingar med aktivitetsbøker og romanar med julerelaterte tema, julekonsert (Odda), boklansering av nydeleg bok som kan høve som julegåve (Kinsarvik), og juleaktivitetar for barn og unge. Og kanskje vankar det litt pepparkaker, òg?!

Tek du sjansen på å få bøker til jul? Me har mange gode bøker du kan låna med deg og ha på lur til avkopling og glede. Kom og lån, då vel!