Er det lov?

Litteraturbåten Epos kjem med ei forestilling om Magnus LAgabøte og Landslova som er 750 år gamal!

Det er ikkje lov å bita! Det kan jo dei fleste vera einige i, men visste du at dette er ei av lovene i Noregs landslov, som vart skriven for 750 år sidan? «Er det lov?» er ei leiken og heilt nyskriven framsyning for småtrinna, dei eldste di barnehagane eller heile familien, der ein utfordrar barnas si sans for rettferd, og dykkar ned i ei frisk og frodig middelalderverd.
Du møter hemngjerrige kongar, mordariske forbrytarar, staute tingmenn, krigerske riddarar, tiggarmunkar, og han som prøvde å få litt meir orden på det heile: Magnus Lagabøte. Gjer deg klar til å bli forundra, underhaldt, kanskje litt irritert, og i alle fall engasjert på Litteraturbåten Epos. Skodespelar Lina Taule Fjørtoft står på scena, og Adele Lærum Duus har manus og regi.

Invitasjon har gått ut til barnehagar og småskulane i kommunen, alt etter kor mange me får plass til i båten. Epos gjer stopp i Odda, på Lofthus, Grimo og i Jondal.