Shared Reading

Shared Reading, også kalla Samlesing, Les i lag eller Litterært pusterom, er ein lesemetode kor ein godkjend leseleiar les høgt i ei gruppe og leiar ein reflekterande og undrande samtale om leseopplevinga. Metoden er utvikla av organisasjonen The Reader i Liverpool og vart utvikla av Jane Davis.

Samlesing er leia av ein med kjærleik for litteraturen, for å å motvirka ulikheiter i samfunnet og opna litteraturen for fleire. Leseleiaren har valt ut ei kort novelle eller eit utdrag av ein tekst, og eit dikt. Deltakarane veit ikkje kva som skal lesast før dei møter opp. Samlesing er altså ein liten lesesirkel der ein ikkje stiller førebudd, men tek det som kjem. Deltakarane kan delta aktivt i samtalen eller berre delta gjennom å lytta.

Målet er ikkje ein litterær analyse der ein skal koma fram til ei felles tolkning, men å oppleva og undra seg over teksten saman. Gjennom deltakarane sitt forskjellige perspektiv og opplevingar av teksten vert leseopplevinga utvida for den enkelte. Me les for å bli klokare på oss sjølv og andre.

Samlesing er ein litterær, personleg og sosial oppleving. Det handlar om gleda ved å lesa og å dela opplevinga av ein tekst i fellesskap. Høgtlesinga gir ro og kjensle av å vera til stades, tempoet vert senka og fokuset aukar.

Leseleiaren har vore på kurs og lært om val av gode tekstar, om korleis ein førebur seg, stoppar opp undervegs i lesinga og inviterer til refleksjon og undring.

(Denne teksten er henta frå skildringa av metoden på bibliotekutvikling.no, omsett til nynorsk og delvis omarbeidd)

Me har hatt Samlesing/Litterært pusterom med Erika Alnæs i Kinsarvik nokre år, og vil i haust ha det i Kinsarvik og på Utne. Sjekk tidspunkt under Kva skjer her på sida https://ullensvangbibliotek.no/kva-skjer/