Me vil slå eit slag for Helsebiblioteket, -ei gullgruve av ei kjelde til kvalitetssikra helseinformasjon!
Få er klar over Helsebiblioteket og kva det står for. Helsebiblioteket er eit heildigitalt tilbod som gir gratis tilgang til oppslagsverk, retningsliner, databasar, tidsskrift og andre kunnskapsressursar for helsepersonell i Noreg. Helsebiblioteket er drifta av Folkehelseinstituttet og vert finansiert over statsbudsjettet. Helsebiblioteket kan nyttast av helsepersonell, medisin- og helsefagstudentar og andre interesserte. Det er særs nyttig for personell i primærhelsetenesta og sjukehus som ikkje er tilknytta eit universitet.
Mange har det med å leggja inn eit søk om helserelaterte spørsmål i Google, men då kan ein få opp særs mykje informasjon som ikkje er kvalitetssikra! Helsebiblioteket er ein delingsplattform med kvalitetssikra informasjon om helse.
På Helsebiblioteket finn du i tillegg til eit ordinært søkjefelt, desse søkbare hovudpunkta som kvar har mange underpunkt:
Sykdom og behandling
Legemidler
Forebygging og helsefremming
Oppslagsverk og databaser
Retningslinjer og veiledere
Akuttmedisin
Kunnskapsbasert praksis og kvalitetsforbedring
Kunnskapsstøtte til kommunene
Under til dømes Oppslagsverk og databaser, finn ein m.a. Omsorgsbiblioteket, som er eit nasjonalt elektronisk bibliotek som samlar, oppsummerer og gjer tilgjengeleg forskning, utviklingsarbeid og andre kunnskapsbidrag om helse- og omsorgstenestene i kommunane. Under Omsorgsbiblioteket finn ein mange tema, m.a. informasjon om demens, ernæring, heimebuande eldre, frivilligheit, leva heile livet-reformen, m.m.