1. juni er ein magisk dato for dei som har vore med på Sommarles før!
Frå 1. juni til 31. august kan alle som går i 1.-7. trinn delta på Sommarles.no. Sommarles gjer lesing endå kjekkare, og det er heilt gratis å vere med!
Sommarles er for alle! På Sommarles.no kan ein registrera både bøker som barna har lese sjølve og bøker dei har lese saman med nokon eller lytta til (høgtlesing og lydbøker) frå 1. juni.
For kvar bok som vert registrert, får deltakarane XP (poeng) og går etter kvart opp i level. Barna kan både få kule digitale trofé på nettsida og henta fysiske premiar på biblioteket. På Sommarles kan de også få lesetips og løysa oppgåver knytt til Sommarlesforteljinga for året, spesialskriven av forfattar Mari Moen Holsve.
For å vera med på Sommarles.no går de inn på nettsida som opnar 1. juni, og lagar ein profil til barnet dersom barnet ikkje har vore med før. Om de treng hjelp, er det berre å spørja på biblioteket. Og så er det berre å lesa i veg!
Me håper at de vil hjelpa barna slik at dei kan delta på lesekampanjen og få gode leseopplevingar heile sommaren! Det vil gjera at dei stiller like gode eller enno betre i lesing når skulen startar opp att etter sommarferien! Ta gjerne turen innom biblioteket dykkar for å få vite meir.
Du kan òg sjå ein filmsnutt om Sommarles her: https://www.youtube.com/watch?v=-5Z_QKgL3Qk
God sommar med Sommarles.no!