Me er leie for at dette arrangementet vert avlyst i både Odda og Kinsarvik. Det er eit nasjonalt arrangement, men her lokalt er det konfirmasjonshelg. Me vil difor laga til klesbytedag i Odda og Kinsarvik 19. oktober, sjå meir informasjon på https://ullensvangbibliotek.no/kva-skjer/. Me vil skilja mellom klesbyte for kvinner, menn og born/unge, og ha dei på ulike datoar. Denne gongen er det klede for kvinner.
Dette kan du ta med og byta: Inntil 5 reine og fine plagg: vinterjakker, kåper, skjorter, bluser, kjoler og skjørt. Innlevering til biblioteket dagen før. For kvart plagg får du ein lapp som du leverer inn i byte for eit anna innlevert plagg. Det er opp til deg om du vil bruka alle, nokre eller ingen av lappane.