Kulturprogrammet for våren 2024 er no kalrt. Me har laga til ein ny brosjyre med oversikt over kva du finn av tilbod på bibliotek, kino og Den kulturelle spaserstokken. Har du ikkje fått brosjyren i postkassa, finn du den på bibliotek/kino/innbyggjarservice i kommunen. Me håpar å sjå mange av dykk på arrangementa våre! Du finn meir informasjon om fleire av arrangementa under fanen Kva skjer? https://ullensvangbibliotek.no/kva-skjer/
Kulturprogramma er ei lett blanding av aktivitetar, kåseri og konsertar fordelt på dei ulike biblioteka i kommunen. Nokre av arrangementa går fast, andre er enkeltståande. Det kan sjølvsagt henda at me får tilbod om eller etterspurnad etter arrangement som kjem i tillegg utover våren. Dei vil me informera om fortløpande i avis, på nettet og i oppslag.