Inspirasjonskurs i skriving

Kinsarvik bibliotek skipar til inspirasjonskurs i skriving med Dag Helleve frå Voss. Han er forfattar, pensjonert lærar og naturvernentusiast som skriv om musikk, natur og politikk. Helleve har gitt ut både sakprosa og skjønnlitteratur.

Kurset går over 2 kveldar, med høve for å forlengja det med ein kveld eller ein laurdag føremiddag. Det avgjer deltakarane i lag. Dei to oppsette datoane er 16. og 23. november, kl 18-20.

Før fyrste samling, vil ein få tilsendt ei laus skriveoppgåve som ein sender tilbake for at Dag Helleve kan lesa gjennom ho og gi tilbakemeldingar. På fyrste samling vert det litt ulikt i plenum, samt ein til ein-kontakt med utgangspunkt i teksten som var skrive i forkant. Undervegs i kurset, vil ein få fleire ulike skriveoppgåver, og hausta mykje inspirasjon til å skriva heime. Det er òg høve til å ta med seg eigne tekstar heimafrå, som ein ynskjer tilbakemelding på.

Kursavgiften er avhengig av kor mange deltakarar me får, men det vert maks kr. 500.

Påmelding etter “fyrstemann til mølla”-prinsippet, så her gjeld det å vera rask!

Informasjon og påmelding på sms (mob. 476 86 145) eller e-post (kinsarvik.bibliotek@ullensvang.bibliotek.no)