Me er så heldige å få Manuela Bjotveit til å vera med som ein ekstra vaksenperson på Kinsarvik bibliotek etter skuletid på måndagar frå september.
Ho vil ha ulike aktivitetar for born/unge etter skuletid. Aktivitetane vil variera etter årstid og ynskje. Det kan vera alt frå høgtlesing, leksehjelp, teikning og papirarbeid, til smykkelanging, papirflykonkurranse, vaffelkos, m.m. -eller rett og slett så kan ho berre vera der som ei trygg støtte eller ei ein kan ta ein prat med. Det vert frå kl 14 til kl 15.30 frå 18. september. Frå januar 2024 vert det annan kvar måndag i partalsveker!