Sommarles 2023

Sommarles.no er ein digital lesekampanje for 1.-7. klasse, som varer frå 1. juni til 31. august. På Sommarles.no kan du registrere bøkene du les, samle poeng, få kule premiar og lesetips, lese den eksklusive Sommarlesforteljinga, løyse oppgåver og følge med på kva vennene dine les! Alle biblioteka i Ullensvang er med på den nasjonale lesekampanjen, og du kan henta ut premiar på det biblioteket du ynskjer.

Her kan du sjå ein trailar om Sommarles 2023: https://www.youtube.com/watch?v=CEC71OaYUzo

Vil du vite meir om Sommarles? Du finn det meste på denne lenka: https://altom.sommerles.no/