Når også fleire rundt dei familiane som lever med demens kan litt meir om demens, reduserer det fordommar og hindrar at folk trekk seg unna og at dei som har demens i familien vert einsame.
Kunnskap om demens = openheit og forståing
Mange stader vert Demensaksjonen markert 19. – 25. september. Den internasjonale alzheimerdagen er 21. september. Nasjonalforeningen for folkehelse sine lokallag har opne møte om demens og samlar inn til forskning og lokale demenstiltak over heile landet.
Kva er demens? Her kan du sjå ein liten teiknefilm på 3,5 minutt: https://vimeo.com/507085093
På biblioteket kan du finna bøker om demens, for barn, unge og vaksne. Her er eit utval som me anten har eller kan skaffa frå andre bibliotek: https://demensdagene.no/bok-og-filmomtaler